Studieprogram med særskilte krav

Her finn du oversikt over kva utdanningar som har særskilte krav, og kva desse krava er.

Bachelor i nautikk

Bachelor i nautikk skal oppfylle krava som er gitt i rammeverket knytt til kvalitet i emne og studieprogram. I tillegg har HVL ei eiga godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet som blir fornya kvart femte år.

Meir informasjon om dei særskilte krava for nautikk

Ph.d.-program

Ph.d-programma ved HVL skal oppfylle krava til kvalitet i emne og studieprogram på lik linje som studieprogram på bachelor- og masternivå. For å møte dei særskilte krava til akkreditering og oppfølging av ph.d.-program, har HVL eit eige system for arbeid med kvalitet i ph.d.-programma.

Meir informasjon om regelverk og rutinar for ph.d.

Fagskuleutdanning for yrkesdykkarar

Fagskuleutdanninga for yrkesdykkarar skal oppfylle HVL sine krav til emne og studieprogram. Fordi kandidatane mottar dykkebevis og -sertifikat, inneheld kvalitetshandboka også særskilte krav for desse.

I tillegg skal det utarbeidast prosesskildringar og malar som sikrar at fagskuleutdanninga for yrkesdykkarar oppfyller krava.

Krav Kjelde Dokumentert
  • Krav til opplæringsverksemd innan dykking
  • Krav til innhald i tryggleiksopplæring for dykkerar
  • Krav til dykkebevis (utferding og innhald)
  • Kvalifikasjonskrav til dykkar og dykkeleiar
  • Krav til godkjend helseattest for dykking
  • Forskrift om administrative ordninger på arbeidsmiljølovens område (forskrift om administrative ordninger) v /arbeidstilsynet
  • NORSOK U-103 / U-100 og EDTC-krav v/ Petroleumstilsynet
QM+, arkiv, fagplanar
  • Krav til dykkehandbok, logg / journalføring, personlog loggbok
  • Krav til arkiv av dykkelogg
  • Krav for logg av vedlikehald
  • Diverse operasjonelle krav for dykking
  • Diverse tekniske krav for dykking
  • Krav om rapport ved ulykker

Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utførelse av arbeid)

QM+, arkiv
Krav til inspeksjonsdykking CSWIP 3.1U (eller ekvivalent)  
Tryggleik og HMS-arbeid med og for studentar  Forskrift om arbeidsmiljølovens anvendelse for personer som ikke er arbeidstakere. QM+, eksamensforskrift for DU

Forklaringar til tabellen

  • QM+ er Dykkarutdanninga sitt interne kvalitetssystem med hendingsrapporting, styrande dokumentasjon og modul for risikovurdering.
  • Arkiv er funksjonar som papirarkiv og FS
  • Arbeidstilsynet har tilsyn med dei regelverk som gjeld dykkebevis A og B, operasjonelle, administrative og tekniske krav for dykking innaskjers samt opplæring for dykkeleiar innaskjers.
  • Petroleumstilsynet har tilsyn med dei standardar og regelverk som gjeld Dykkarsertifikat klasse I.
    • Utanom fagskuleutdanninga har Petroleumstilsynet og tilsyn med standardar og regelverk som gjeld Dykkeleiar for petroleumsanlegg. For dykkeleiar offshore gjeld typisk sett internasjonale standardar.

Kontakt oss

Har du tilbakemeldingar eller spørsmål? Kontakt oss gjerne!

kvalitet@hvl.no