Læringsmiljø
Studentane ved HVL skal ha trygge og gode læringsmiljø. I læringsmiljøet inngår alle faktorar som påverkar studentane sine moglegheitar til å tileigne seg ny kunnskap.
Læringsmiljø vert definert på følgjande måte i Lov om universitets- og høyskoler § 4-3 (2):
«Læringsmiljøet er de forholdene som virker inn på studentenes muligheter til å tilegne seg kunnskap, og som er av betydning for studentenes fysiske og psykososiale helse. I et helhetlig læringsmiljø inngår fysiske, digitale, organisatoriske, pedagogiske og psykososiale forhold som del av det helhetlige læringsmiljøet. Departementet kan i forskrift gi utfyllende bestemmelser om krav til læringsmiljøet».
I tillegg til å sørge for god studentvelferd, skal eit godt læringsmiljø også sørge for at studentane får god læring, rettleiing, involvering og eigarskap til eiga læring, og kontinuerleg forbetring av fysiske, psykososiale, pedagogiske, digitale og organisatoriske tilhøve.
Læringsmiljøet ved HVL som utdanningsinstitusjon er avgjerande for at studentane skal oppnå ønska og forventa læringsutbytte, i tillegg til god helse og trivsel. Det er ei målsetting at læringsmiljøet skal famne mangfaldet i studentmassen, uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion eller funksjonsevne. Alle studentar har lik rett, men ulike føresetnadar og behov for å kunne delta i læringsprosessen.
Fokus på å inkludere så mange som mogleg i dei ordinære løysingane gjennom universell utforming og dermed redusere behovet for spesialløysingar, er ei viktig oppgåve for læringsmiljøarbeidet ved HVL.
Administrative leiarar i fakulteta og einingane i fellesadministrasjonen har ansvar for utarbeiding av prosess-skildringar og oppfølging og forbetring av prosessane som bidrar til at HVL har god kvalitet i dei administrative støttefunksjonane som har påverknad på læringsmiljøet, ved å sikre nødvendig kompetanse, effektive prosessar og gode informasjonssystem.