Kvalitet i studieportefølje
HVL har eit mål om å tilby utdanningar av høg nasjonal og internasjonal kvalitet, som er praksisnære, relevante for samfunns- og arbeidsliv, og med trygge og gode læringsmiljø for studentane.
Arbeidet med kvalitet i studieporteføljen skal sikre at høgskulen tilbyr ein heilskapleg portefølje som er i tråd med HVL sine strategiske målsettingar og tar i vare samfunnsmandatet vårt.
Årleg vurdering av kvalitet i studieporteføljen
Studieporteføljen ved HVL blir vurdert årleg, når styret handsamer sak om studietilbod og opptaksrammer for kommande studieår. Styret vedtar kva for studium som skal vidareførast, om nye studietilbod skal etablerast, eller om studietilbod skal fasast ut.
Fakulteta sine vurderingar av studieporteføljen er eit viktig grunnlag for saka om studietilbodet. Leiinga ved fakultetet har gjennom studieåret tilgang på ei rekke informasjon frå det systematiske arbeidet med kvalitet i emne og studieprogram, frå Felles studentsystem (FS) og Samordna opptak (SO) og høgskulens planar, som gir grunnlag for å ta avgjerder om utvikling av studieporteføljen og det enkelte studieprogram.
Høgskulestyet vedtar studieportefølje og rammer for opptak seinast i november kvart år.
Fakulteta innarbeider tiltak for å utvikle enkeltvise studieprogram i planar på institutt- eller fakultetsnivå.
Periodisk evaluering av studieporteføljen
Ein gong kvar styreperiode skal HVL gjennomføre ei periodisk evaluering av den samla studieporteføljen. Evalueringa skal gje ei overordna vurdering av i kva grad studieprogramma bidrar til å løyse samfunnsutfordringane og oppfylle HVL sine strategiske målsettingar.
Høgskulestyret vedtok modellen som ligg til grunn for vurderinga i styresak 29/19.
HVL gjennomførte den første periodiske evalueringa av samla studieportefølje våren 2021. Evalueringa vart lagt fram for høgskulestyret i sak 32/21.
Evalueringa hadde eit særleg fokus på å skaffe kunnskapsgrunnlag om tilhøve knytt til gjennomgåande utdanningsløp med vekt på følgjande moment:
- HVL sin konkurranseposisjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt
- Korleis HVL svarar på regionalt og nasjonalt utdanningsbehov sett i lys av Livslang læring
- Studieporteføljen si økonomiske berekraft
Lenke til styresak med rapport
Overordna prinsipp for strategisk utvikling av studieporteføljen
I sak 24/23 vedtok høgskulestyret fem overordna prinsipp for strategisk utvikling av studieporteføljen i perioden 2023-2030. I etterkant av dette reviderte rektor modell for styring av studieporteføljen (SEFØ-modellen).
Studieportefølje
Studieporteføljen er det samla utdanningstilbodet ved institusjonen. Porteføljen blir vurdert i november kvart år av høgskulestyret.