Idrett, fysisk aktivitet og kosthald
Forskingsprogrammet utviklar kunnskap om menneskekroppen i bevegelse, og om mat og måltid i samfunnet.
Sentrale forskingstema
Folkehelse og livsmeistring
Forskinga konsentrerer seg om fysisk aktivitet og ulike aspekt ved mat og måltid som fremjar livsmeistring, utjamnar forskjellar og som kan førebygge psykiske og fysiske helseutfordringar i befolkninga.
Utdanning og kroppsleg læring
Forskinga konsentrerer seg om forholdet mellom undervisning og læring i kroppsøving, friluftsliv og bevegelsesaktivitetar i natur, samt ulike måtar å grunngje bevegelse og måltid i utdanning på.
Trening og idrettsleg prestasjon
Forskinga konsentrerer seg om utviklingsprosessar og søkjer ei heilskapleg forståing av ulike trenings- og prestasjonskulturar i både breidde- og toppidrett.
Områda er overlappande til kvarandre og tett kopla til utdanningsområde i HVL frå bachelor- til ph.d-nivåa. Dei skal vera ein drivar for praksisnær forsking og utvikla kunnskapar for arbeidslivet som går på tvers av sektorar og profesjonar, og som bidreg til å løysa store samfunnsutfordringar.