Havteknologi

Regjeringa har som mål å femdoble uttak av ressursar frå havet innan 2050, noko som set store krav til berekraftig utvikling.

Vi arbeider mellom anna med teknologi for operasjonar til havs, marin-konstruksjonsteknikk og hydrodynamikk for skip, flytande konstruksjonar, undervassfartøy, forankringsystem, havbruk og miljøvennlege lukka oppdrettsanlegg. Dette omfattar og kontrollsystem, overvakings-, navigasjons- og kommunikasjonssystem og sensorar, samt mogeleggjerande
teknologiar som avansert material- og nanoteknologi, IKT og bioteknologi.

Under finn du informasjon om forskargruppene ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap som er knytt til temaet havteknologi.