Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Bak podcasten står Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom Heide og lekperson Gry Offernes, og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene.