Hav

Forskinga vår på hav spenner vidt. Den omfattar dei menneskelege sidene av tryggleik til havs, teknologien innan marin fornybar energi og helsa til dei minste organismane i havet.

Utvalde forskingsmiljø og forskarar

bilde av Margareta Holtensdotter Lützhöft

Margareta Holtensdotter Lützhöft

Eg er ein sjøkaptein som gjekk i land for å forske på samspelet mellom maskiner og menneske. For tida fokuserer eg på maritim tryggleik, mellom anna design av skip, arbeidsrom og instrument i ei retning som skal gjere dei meir brukarvennlege. Mennesket er alltid den viktigaste delen av systemet.

bilde av Erik Styhr Petersen

Erik Styhr Petersen

Forskinga mi handlar om forholdet mellom menneske og teknologi til sjøs. Eg jobbar med å forbetre samspelet mellom menneske og maskin, med mål om å hjelpe sjøkapteinar til å bli endå betre på det dei allereie er gode på. Andre mål for meg er å utvikle arbeidsrutinar som tek omsyn til menneske og gjer navigeringa sikrare, og å finne ut korleis menneske kan tileigne tilliten som gjer at dei vågar å stole på teknologien.

bilde av David Roger Lande-Sudall

David Roger Lande-Sudall

Eg forskar innan marin fornybar energi – havvind, bølge- og tidevasstraum-energi. Eit sentralt tema for meg er utviklinga av forankringssystem for flytande havenergikonstruksjonar, med mål om å skape lettare og tryggare forankringsløysningar. Dette vil også bidra til reduserte energikostnader for desse teknologiane.

bilde av Ingunn Alne Hoell

Ingunn Alne Hoell

Eg forskar på mikrobiologi, og konsentrerer meg om dei aller minste organismane i havet, slik som virus, bakteriar, algar og parasittar. Forskinga spenner frå prøvetaking og analysar av marine prøvar, til førebygging og behandling av sjukdom forårsaka av mikroorganismar.

Er du på utkikk etter ein forskar? Finn ein forskar ved HVL! >