Robotikk

Ved forsknings- og innovasjonssenteret for robotikk ved HVL fokuserer vi på menneske-robot samarbeid og på fleksible (mjuke) robotar. Arbeidet skjer i tett samarbeid med industrien.

 

Photoevent

I menneske-robot samarbeid jobbar vi med 

  • å estimere menneskeleg rørsle og intensjonar når du arbeider saman med robotar
  • å utvikle kontrollmetodane for å sikre ein trygg og naturleg interaksjonskontroll for leddrørsler
  • samarbeidslæring kor roboten og mennesket lærer korleis dei skal utføre operasjonen saman

I mjuk robotikk jobbar vi med

  • design og produksjon av mjuke robotar for plukking av frukt og grønnsaker i landbruket
  • å introdusere robotikk og automatisering generelt til industrien for å automatisere fleire produksjons- og serviceoppgåver
  • korleis det menneskelege og det automatiske kontrollsystemet skal utfylle kvarandre

Vi samarbeider tett med lokal industri for å møte behovet for automatiske kontrollsystem. Teknologien vi utviklar er også eigna til å utvikle nye helse- og omsorgstenester.

Videoar frå labben

Aktuelt

Følg oss i sosiale medium: