Overvakning av hjarteaktivitet

PROCARD – Patient-Reported Outcomes in Cardiology

PROCARD forskingsgruppe er leiande innan forskingsbasert kunnskap og implementering av kompetanse som er tett på det kliniske fagfeltet kardiologisk sjukepleie. Som forskingsgruppe kan vi også vise til ei breitt samansett plattform av nasjonalt og internasjonalt anerkjende forskarar som samarbeider tett i både prosjekt og i publikasjonar. Dette sikrar at forskinga er rota i kliniske dagsaktuelle problemstillingar og bidreg med publikasjonar av høg internasjonal kvalitet for å fremje Høgskulen på Vestlandet (HVL) som ein profesjons- og arbeidslivsretta forskingsinstitusjon.

Forskingsgruppa PROCARD, leia av professor Tone M. Norekvål, er ei forskingsgruppe ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) som undersøkjer korleis pasientar med akutt- og kronisk hjartesjukdom opplever behandling og oppfølging i primær- og spesialisthelsetenesta. PROCARD nyttar både kvalitative og kvantitative metodar, brukar pasientrapporterte data, data frå nasjonale kvalitetsregister og gjennomfører store nasjonale og internasjonale studiar. Forskingsgruppa utfører i tillegg også kunnskapsoppsummeringar og validerer verktøy for innhenting av pasientrapporterte data for å bidra til innovasjon og auka kvalitet knytt til svært aktuelle samfunnsutfordringar i pasientoppfølging. Forskingsgruppa er markant involvert i utdanning av kandidatar i det gjennomgåande studieforløpet på både bachelornivå, på master i klinisk sjukepleie og i utdanning av PhD-kandidatar ved HVL. Eit sentralt kjenneteikn ved PROCARD er at alt forskingsarbeid har ei tett kopling mot arbeidsliv og profesjonsutvikling. Forskinga er klinikknær og inkluderer i stor grad studentar på alle utdanningsnivå ved HVL. Med dette bidreg PROCARD til at utdanning av klinikarar med høg kompetanse er tett på behova i arbeidslivet og går hand i hand med forsking på høgt internasjonalt nivå.

PROCARD vart oppretta hausten 2009 og har forsking knytt til fylgjande hovudområde:

  1. Livskvalitet, eigenrapportert fysisk og psykisk helse, helsekompetanse, frailty (skrøpeligheit), søvn og delirium
  2. Pasientar si etterleving av livsstils- og behandlingsråd
  3. 3. Tilfredsheit med bruk av, og samhandling mellom, helsetenestene
  4. Helsepersonell si etterleving av lokale og internasjonale retningsliner

Forskargruppa har utvikla og gjennomført prosjekt som har som mål å betre ressursutnytting og samhandling i helsetenesta, og har evaluert metodar for å redusere eit mogeleg gap mellom forsking og klinisk praksis. CONCARDPCI, BECARES, CARDELIR, og TELMON-NOR er døme på nokre av desse prosjekta.

Eit døme på forskargruppa si gjennomslagskraft, robusthet og innovative tilnærming til klinikk og praksis er det nyaste forskingsprosjektet eHjerteRehab. Rasjonale for prosjektet er behovet for å forstå kvifor pasientar som vert diagnostisert med hjartesjukdom ikkje klarer å følgje råda for å redusere allereie kjende risikofaktorar, samt å nå sine behandlingsmål for fysisk aktivitet, røykjeslutt, blodtrykksregulering og kolesterolnivå. Dette danna grunnlaget for utviklinga av det digitale og nytenkjande hjarterehabiliteringsprogrammet og påfølgjande intervensjonsstudie. Prosjektet vart tildelt 16 millionar frå Norges Forskingsråd (NFR) i 2023 og har fått tildelt 5,8 millionar i forskings- og innovasjonsmidlar frå Helse Vest.

Forskingsgruppa set også HVL på det akademiske kartet med publikasjonar i anerkjente nasjonale og internasjonale tidsskrift, med presentasjon av forskingsfunn på nasjonale og internasjonale konferansar og bidreg til auka kompetanseheving og viktig kunnskap for både akademia og klinikken. PROCARD forskingsgruppe driv også vidareutdanning i kardiologisk sjukepleie ved HVL som er einaste utdanningsinstitusjon i Norge med Mastergrad i klinisk sjukepleie med fordjuping i kardiologisk sjukepleie.

Utdanning

Master i klinisk sjukepleie – kardiologisk sjukepleie

Forskinga i gruppa er knytt opp mot Master i klinisk sykepleie – spesialisering i kardiologisk sykepleie. (Denne utdanninga har også suppleringsopptak.)

Tilsette i forskingsgruppa koordinerer utdanninga, har emneansvar for alle emna og bidreg med kunnskapsbasert undervisning ved å integrere oppdatert forsking med undervisning.

Forskingsprosjekt

Pågåande prosjekt

eHjerteRehab

Avslutta prosjekt

.

Forskingsgruppeleiar

bilde av Tone Merete Norekvål

Tone Merete Norekvål

Professor, Institutt for helse- og omsorgsvitskap