ORITE - Oracy in Teacher Education
ORITE er ei tverrfagleg forskargruppe med medlemer frå norsk, matematikk, naturfag, IKT i læring og pedagogikk. Hovudfokuset i forskargruppa er den læringsfremjande, faglege samtalen.
Forskargruppeleiar
Medlemmer
Munnleg kompetanse
«Oracy» betyr «munnlegkunne», og skildrar ein munnleg kompetanse som er meir enn «det munnlege» eller «å snakka». I ORITE-gruppa er me opptatt av korleis det blir snakka i klasseromsamtalen og læringsdialogen i undervisninga i alle fag.
Gode samtalar og dialogar
Me undersøkjer kva som kjenneteiknar gode samtalar og dialogar, og me er opptatt av korleis me i lærarutdanninga kan leggja til rette for at studentane får kunnskap om, øving i, og høve til å reflektera over korleis dei samtaler med elevar eller barnehagebarn for å oppnå læring.
Målet med arbeidet
Målet med arbeidet i forskargruppa er å utvikla innsikt og forståing for arbeid med den faglege samtalen i mange ulike fag og kontekstar, og med korleis ein kan utvikla lærar- og barnehagelærarstudentane sin kompetanse til å initiera og leia slike samtalar.
Pågåande prosjekt
- SciTalk: Natural Science Talk in Teacher Educations (Erasmus+prosjekt). Leiar Sissel Høisæter
- Arbeidskrav – kjerneaktivitetar i utviklinga av profesjonskompetanse (GLU 1-7). Leiar Hege Myklebust
Doktorgradsprosjekt
- Lærarars språklege praksisar i møte med andrespråkselevar. Ein studie av variasjon og refleksjon. Ved Brita Høyland
- The Role of Fine-tuning Grammar Teacher Feedback in Process-oriented Writing and Formative Assessment in English as a Foreign Language. Ved Michel Alexandre Cabot
- Preparing Preservice Teachers for Ambitious Mathematics Teaching. Ved Gry Anette Tuset
- Samtale om naturfaglege emne med små barn. Ved Inga Margrethe Fagerbakke