Lesing, skriving og språkutvikling

Gruppa utforskar ulike sider ved skriftspråkslæring og skriftspråkpraksisar med vekt på spørsmål som er særleg aktuelle for det mindre brukte av dei to norske språka.

Innfallsvinklane spenner frå førebuande skriftspråkslæring i førskulealder til språkskifte i ungdomstida, og frå didaktiske problemstillingar til overordna perspektiv på læring, kulturforståing og kognitiv utvikling.

Tildeling frå Forskingsrådet

I januar 2020 fekk forskingsprosjektet Multilectal Literacy in Education (MultiLit), forankra i forskingsgruppa, ei tildeling på 12 millionar frå Forskingsrådet. Prosjektet undersøker om og korleis det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidreg til læring, både språklæring og læring meir allment.

Prosjektet tek utgangspunkt i den norske språksituasjonen med mange elevar som utviklar høg kompetanse i båe norske skriftspråk og med mange som òg jamleg skriv dialektnært privat. Vidare har prosjektet eit samanliknande sideblikk til situasjonen for frisisk i Frisland i Nederland. Øystein Vangsnes er prosjektleiar.

To antologiar

Forskingsgruppa har vore tungt inne både på redaktør- og forfattarsida i to antologiar utgjevne dei siste åra: Nynorsk med dei minste (2017) (Bjørhusdal, E. og Budal, I. B., red.) og Å skrive nynorsk og bokmål: Nye tverrfaglege perspektiv (2018) (Bjørhusdal, E., Bugge, E., Fretland, J. O. og Gujord, A. K. H., red.).

Gruppa vidarefører òg dei språkrelaterte problemstillingane i PRAKUT-prosjektet Lærande regionar (2012-2015)

Prosjekt

Etablering og forhandling av skriftnormer i unges skrivepraksisar

Det språklege vegvalet - ei gransking av språkskiftesituasjonen i norsk skule

Språkspor i by og bygd

Multilektal kompetanse hos førskuleborn i nynorskområde

Multilectal Literacy in Education

Å skrive nynorsk og bokmål: Nye tverrfaglege perspektiv

Nynorsk med dei minste

Blogg

Språk i utdanning

Forskargruppeleiar

bilde av Jorunn Simonsen Thingnes

Jorunn Simonsen Thingnes

Førsteamanuensis