Innovasjon og styring i offentleg sektor
Organisering og leiing i offentleg sektor blir stadig meir kompleks og innovative samarbeidsformer vert sentrale for å løyse framtidas utfordringar.
Det er større fokus på samarbeid på tvers av forskjellege sektorar i form av inter-organisatorisk samarbeid, fleirnivåstyring og nettverk. Fokus på leiing og innovasjon vert tilsvarande studert frå ulike innfallsvinklar, det vere seg i høve til internasjonale og nasjonale politiske føringar og korleis desse påverkar konteksten for leiing i ulike sektorar, innan offentlege, private og hybride organisasjonar, samt i tilknyting til frivillig sektor.
Forskingsgruppa «Innovasjon og styring i offentleg sektor» (ISOS) er tverrfagleg samansett og medlemmane deltek aktivt i formidling til fagfellar, studentar og det offentlege, samt bidreg med utviklingsarbeid knytt til dette. Forskingsgruppa skal og bidra med å vidareutvikle nasjonale og internasjonale FoU-relasjonar på området.