Rehabilitering etter ein stomioperasjon
Kirsten Lerum Indrebø disputerer 21.mars med avhandlinga "Utvikling og evaluering av et klinisk tilbakemeldingssystem med pasientrapporterte data for å fremme tilpassing til å leve med stomi".
Kan bruk av spørjeskjema før kontrolltimane hjå stomi- og kontinenssjukepleiar auke pasientmedverknaden i behandlinga?
Det blir årleg utført ca. 2000 stomioperasjonar i Noreg, og ca. 20000 personar lever med stomi på permanent basis. Operasjonen medfører ein endra måte å kvitte seg med avføring eller urin på gjennom ein konstruert opning på magen der innhaldet tømmer seg ukontrollert i ein stomipose. Det kan også komme lydar frå stomien.
Forsking viser at å få stomi kan påverke ein både fysisk, psykisk og sosialt. Pasientane får derfor tilbod om regelmessig oppfølging hjå stomi- og kontinenssjukepleiar etter operasjonen. Kva tema som blir teke opp under konsultasjonen er basert på pasienten og stomi- og kontinenssjukepleiar sine tolkingar av kva som er viktig å diskutere. Pasienten kan vere lite førebudd til timen. Dette kan medføre at viktige tema som pasienten kunne fått hjelp med kan gå under «radaren».
Stipendiat Kirsten Lerum Indrebø
Å førebu seg til konsultasjonen
Kan det å svare på relevante spørsmål digitalt før kontrolltimen auke den enkelte pasient sin medverknad i behandlinga?
Digitale spørjeskjema er meir og meir brukt i samfunnet i dag. Vi får alle tilsendt ulike evalueringsspørsmål etter at vi har vore i butikkar, på flyplassar og så vidare. I seinare år er digitale spørjeskjema også vorte meir og meir brukt for å førebu konsultasjonar med helsepersonell. Målet kan være å kartlegge den einskilde pasient sine utfordringar og bevisstgjere pasienten før ein samtale med helsepersonell, slik at tema som diskuterast i konsultasjonen blir så individtilpassa som mogleg. Likså kan behandlar førebu seg ved å lese rapporten frå pasienten før kontrolltimen.
Kva er gjort i denne studien?
I denne studien sette vi saman ulike spørjeskjema som inneheldt relevante spørsmål å stille til ein som er stomioperert. Det vart utvikla ei digital løysning der pasienten fekk spørjeskjema tilsendt elektronisk før kontrolltimen. Pasienten kunne svare ved hjelp av smarttelefon eller PC. Dei som trengde hjelp til å svare fekk dette under konsultasjonen. Ein utvikla ein protokoll for korleis konsultasjonar med bruk av spørjeskjema i forkant av timen skulle gjennomførast.
Eit brukarpanel av pasientar og stomi- og kontinenssjukepleiarar delte spørjeskjemaet om tilpassing til å leve med stomi inn i sju meiningsfulle underskalaer og statistiske testar bekrefta skalaen si samansetjing.
Ein undersøkte også frekvensen av lekkasje frå stomiutstyr og kva som kunne være årsak til dette. Pasientane evaluerte metoden ved å svare på eit evalueringsskjema som er mykje brukt i norske sjukehus.
Vi studerte også korleis den enkelte tilpassa seg til å leve med stomi etter operasjonen, kva som var dei største utfordringane og korleis den helserelaterte livskvaliteten utvikla seg gjennom første året etter operasjonen.
Funn i studien
Studien viste at 67,6 % av de 160 deltakarane som var spurt hadde opplevd lekkasje frå stomiutstyr. Av desse hadde 37,5 % lekkasje sjeldnare enn ein gong per månad, 16,3 % hadde lekkasje oftare enn ein gong per månad og 13,8% hadde lekkasje kvar veke.
Pasientane var svært nøgde med konsultasjonane hjå stomi -og kontinenssjukepleiarane.
Ein fann at stomiopererte tilpassar seg gradvis til å leve med stomi og den helserelaterte livskvaliteten betra seg gjennom det første året etter operasjonen. Men utfordringar knytt til seksualitet og lekkasjeproblematikk var framleis krevjande eit år etter stomioperasjon.
Prøveforelesning
Torsdag 21. mars 2024 kl. 10:15 i Aud. Sunnfjord, Campus Førde
Disputas
Torsdag 21. mars 2024 kl. 13:15 i Aud. Sunnfjord, Campus Førde
Hovedveileder
Professor John Roger Andersen
Bedømmelseskomite
Dosent Ina Berndtsson, Högskolan Väst Trollhättan, Sverige (førsteopponent)
Førsteamanuensis Susan Saga, NTNU (andreopponent)
Professor Oddvar Førland, HVL (komiteleder)
Disputasleder
Dekan Randi Skår, HVL
Zoom-lenke til strømming:
https://hvl.zoom.us/j/67567861772?pwd=WVRIMURFRW0wcG11SW8xdWhnQzJtZz09