Rural næringsutvikling og rolla til enkeltpersonar og grupper
Nora Geirsdotter Bækkelund disputerer 16. 6. 2022 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Agency–context interaction in industrial path development – a multidimensional approach».
Næringsutvikling i rurale områder har vore eit viktig forskingstema, så vel som eit politisk mål, i lang tid. Litteraturen på feltet anerkjenner at samspelet mellom enkeltpersonar og omgjevnadane deira er sentral for å forstå næringsutvikling i rurale områder. I avhandlinga tek Bækkelund dette vidare ved å undersøkja korleis dette samspelet speler seg ut. Samspelet mellom enkeltpersonar, grupper og omgjevnadane vert forstått gjennom fem dimensjonar: Næring, geografi, reglar og normer, tid og relasjonar. Dei tre fyrste retter merksemda mot korleis enkeltpersonar og grupper interagerer med ulike element i omgjevnadane, medan tid og den relasjonar bidreg til forståinga av korleis samspelet går føre seg. Avhandlinga bidreg såleis til å forstå korleis sentrale personar i rural næringsutvikling arbeider over tid, og korleis dei både bruker, tilpassar seg og former konteksten dei operer i.
Funna i avhandlinga stadfestar og vidareutviklar eksisterande kunnskap om rolla enkeltpersonar og grupper speler i næringsutvikling. Avhandlinga syner at aktørskap i næringsutvikling vert utøvd av fleire personar – gjerne i samarbeid. Den finn òg at personane og gruppene si handlingsevne er forma av relasjonane dei inngår i. Desse er bygd opp over tid, og personane nyttar både evner, kunnskap og nettverk frå ulike tidlegare erfaringar når dei arbeider for næringsutvikling. Vidare syner avhandlinga at ei blanding av lokale og ikkje-lokale samarbeid er sentralt for rural næringsutvikling. Ved å vektleggja tidsdimensjonen får avhandlinga også fram korleis enkeltpersonar og grupper si handlingsevne og handlingar varierer med utviklinga i omgjevnadane, som skaper ulikt rom og behov for handling på ulike tidspunkt. Med desse funna gir avhandlinga teoretisk innsikt av generell relevans for å forstå korleis enkeltpersonar og grupper bidreg til næringsutvikling i rurale områder.
Personalia
Nora Geirsdotter Bækkelund, fødd 1992, er samfunnsgeograf med spesialisering i økonomisk geografi, og er særleg interessert i innovasjonsstudier og studier av regional utvikling. Ho er tilsett som høgskulelektor ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling på Høgskulen på Vestlandet.
Bækkelund har vore kandidat ved doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling ved HVL. Doktorgradsprosjektet er knytt til prosjektet «Drivers of regional economic restructuring: Actors, institutions and policy», finansiert av Regionalt Forskningsfond - Vestlandet. Som kandidat var Bækkelund gjesteforskar ved Universitetet i Firenze hausten 2019.
Avhandlinga er artikkelbasert. Bækkelund er eineforfattar på to av dei tre artiklane. To av artiklane er publisert i Regional Studies og Growth & Change, medan den tredje er under fagfellevurdering.