Datateknologi

Forskinga vår innanfor datateknologi ser på korleis vi kan bruke denne teknologien til å skape eit betre samfunn, til dømes innanfor felt som branntryggleik, helsetenester, industri, transport og energisystem.

Utvalde forskingsmiljø og forskarar

bilde av Lars Michael Kristensen

Lars Michael Kristensen

Eg forskar på software-teknologi for utvikling av smarte system. Forskinga mi omfattar metodar for software-kvalitet og -pålitelegheit, simulerings- og utviklingsverktøy samt prototyping innan cloud computing og tingenes internett. Gjennom undervisninga og forskinga mi, samarbeider eg mykje med industri- og forskingsinstitusjonar innan mellom anna havteknologi, smart transport og branntryggleik.

bilde av Reza Arghandeh

Reza Arghandeh

Målet mitt er å forklare infrastruktur-nettverk med datateknologi. Forskinga mi fokuserer på overlappinga mellom maskinlæring, komplekse nettverk og energisystem. Saman med forskingsgruppa mi utviklar eg algoritmar som kan analysere satelittbilete, geografisk informasjon og sensordata slik at vi betre kan forstå dei gjensidige påverknadene av infrastruktur og miljø.

bilde av Kjell Eivind Frøysa

Kjell Eivind Frøysa

Eg forskar på ulike typar måleinstrument og målesystem i sjøen, til bruk i miljøovervaking, havobservasjon og til industri. Eg er oppteken av korleis ein kan gjere slike måleinstrument meir robuste, og å gjere dei i stand til å sjekke seg sjølve. Dessutan ser eg på korleis ein kan forenkle slike målesystem og likevel få god nok informasjon ut av dei.

bilde av Erik Kyrkjebø

Erik Kyrkjebø

Eg forskar på korleis menneske kan jobbe trygt saman med robotar for å løyse oppgåver i industrien, eller i helsetenestene i framtida. Forskinga mi spenner frå å måle og styre rørsler til å lære roboten å samarbeide utan å måtte programmere den, og også korleis nye oppgåver kan løysast betre med menneske-robot samarbeid.

bilde av Yngve Lamo

Yngve Lamo

Eg forskar på programvareutvikling, særleg på bruk innan helsesektoren. Eg undersøker også nye metodar for programvareutvikling basert på formelle og modellbaserte teknikkar.

Er du på utkikk etter ein forskar? Finn ein forskar ved HVL! >