Referansar og litteraturlister
I alle typar skriftlege oppgåver vil du ha behov for å referere til noko andre har skrive eller sagt. Det finst bestemte reglar og stilar for korleis du skal gjere dette.
Eit formelt system for referansehandtering er naudsynt for å:
- Anerkjenne andre sine arbeid
- Setje emnet ditt inn i ein større fagleg samanheng
- Vise at du har lese litteratur om emnet
- Gjere det mogeleg for andre å finne fram til kjeldene dine.
Det finns ei rekkje ulike stilar for korleis litteraturlista skal vere og det er ulike måtar å tolke stilane på. Det viktigaste er at du er konsekvent i kva løysingar du vel:
Standarden til American Psychological Association (APA) er ein mykje brukt standard. APA er ein variant av Harvard-systemet (forfatter-årstall-metoden).
APA 7th - Søk & Skriv
APA 7th - Kildekompasset
APA 7th - Norsk APA-manual
Harvard-stilar er fellesbetegnelse for referansar kor forfattar og årstall plasseres i parentes i teksten.
IEEE (Institute of Electrical and Electronics Engineers) er ein referansestil som ofte blir brukt innan tekniske studier.
Vancouver-stilen er ein numerisk stil, vanleg i medisin, helsefag og naturvitskaplege fag.
Sjå Søk & Skriv for meir informasjon og oversikt over vanlege referansestilar.
Spørsmål?
Biblioteket svarar deg på alt som handlar om referansar og litteraturlister