Oppgåveskriving
Oppgåveskriving vil seie å skrive akademisk. Kva er akademisk skriving? Kvar kan eg få hjelp til å lære det?
Akademisk skriving handlar om å utforske eit fagleg spørsmål med utgangspunkt i eksisterande kunnskap. Uansett kvar du er i studiet ditt, skal du i oppgåvene dine vise deg som ein sjølvstendig student som kan bruke fagstoff (teori, metode, tidlegare forsking) i eigne analysar og drøftingar.
Nettstaden Søk & Skriv inneheld nyttige råd for deg som skriv akademisk. Her kan du lese meir om skriveprosessen, struktur, argumentasjon og drøfting, akademisk språk og stil. Her får du også hjelp til å setje opp ei korrekt litteraturliste og lage presise referansar. Gjer det til ein vane å bruke Søk & Skriv i studiet ditt. Biblioteket har også mange bøker om akademisk skriving.
Når du har skrive ein tekst du vil diskutere og få tilbakemelding på, er du velkommen til å bestille tid hos ein av skriverettleiarane våre i Skrivehalvtimen.
Andre ressursar om oppgåveskriving:
Kjeldebruk
Språk og formelle krav
- Generelt oppsett av oppgåver. Ver merksam på at det kan gjelde andre krav for di oppgåve.
- Framsidemalar og retningslinjer frå HVL
- Ordbøker
- Rettskriving (Språkrådet)
- Akademisk frasebank - Setningar og uttrykk som er ofte brukt i akademiske tekstar. Eksempelsamling frå Søk & Skriv.