Serviceerklæring

Biblioteket – ein kunnskapsallmenning for profesjonskompetanse.

Biblioteket skal støtte høgskulens mål innan utdanning, forsking, formidling og innovasjon. Biblioteket er ope for alle, men er i første rekke for studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr

  • relevante fysiske og digitale samlingar av studie- og forskingslitteratur, og anerkjende, digitale kunnskapskjelder
  • rettleiing i å bruke bibliotekets ressursar i studium og forsking
  • eit attraktivt læringsmiljø med varierte arbeidsplassar

Du kan forvente

  • eit profesjonelt og imøtekommande personale
  • rask respons
  • hjelp til å bruke bibliotekets tenester og tilbod

Vi forventar

  • at du gjer deg kjend med og følgjer lånereglane for biblioteket
  • at du som student eller tilsett nyttar deg av tilbod om brukaropplæring


Vi tek med glede imot tilbakemeldingar og innkjøpsforslag.