Finn litteratur og fagstoff
Som student eller tilsett ved HVL har du gratis tilgang til mange gode informasjonsressursar, både trykte og digitale. Dei digitale ressursane har du også tilgang til heimefrå.
Korleis finn eg?
Bøker
Søk i Oria for å sjå om biblioteket har boka du treng. I Oria finn du både trykte bøker og e-bøker.
Er boka du treng utlånt, kan du sette deg på venteliste. Logg på i Oria med Feide-id for å reservere.
Når du søker i Oria via HVL Bibliotek, fortel Oria deg kva som finst i våre samlingar. Er boka på eit annet HVL-campus enn ditt så blir den sendt derifrå til ditt campus.
Du kan utvide søket til å gjelde «Norske fagbibliotek». Då søkjer du etter bøker som er i alle norske fagbibliotek.
Har ikkje HVL boka så kan du bestille den, slik at vi kan låne ho inn frå eit anna bibliotek. Dersom du ikkje finn den aktuelle boka i Oria, kan du sende inn ei bestilling via fana Finn ikkje?.
Du kan også søke i utanlandske bibliotekbasar etter bøker. For å søke etter innhald i bøker, prøv Google Books.
Finn du ikkje boka du leitar etter, kan du også foreslå innkjøp.
E-bøker
E-bøker finner du ved å søke i Oria og deretter sortere på e-bøker under Materialtype.
Sjå òg samla informasjon om e-bøker.
Artiklar
Treng du artiklar om eit bestemt tema, kan du starte med eit søk i Oria, men det mest nøyaktige søket gjer du ved å søke i ein av biblioteket sine fagdatabasar. Du kan òg søke etter artiklar i Google Scholar. HVL testar for tida også ut det KI-baserte søkeverktøyet Keenious.
Sjå Browzine om du ønskjer å søke på tidsskrifttittel.
I Libkey kan du søke på DOI-en til ein artikkel og få lenke vidare til fulltekst. DOI står for Digital Object Identifier og er ein standard for påliteleg identifisering av eit elektronisk dokument.
Aviser
Alle campusbibliotek har eit utval papiraviser du kan lese i. I tillegg får du digital tilgang til aviser på følgjande stader:
Atekst
Atekst gir deg fullteksttilgang til redaksjonsarkiva til dei fleste store norske avisene og fleire mindre.
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbibliotekets digitale avistjeneste gir deg tilgang til eldre digitaliserte aviser.
Pensum
Pensumlister til dei ulike studia ved HVL.
Alle bibliotek har bøkene som er pensum ved studia på den aktuelle campusen. Normalt vil det finnast to eksemplar for vanleg lån og eitt eksemplar for dagslån. Ta kontakt med ditt campus-bibliotek om noko manglar.
Ordbøker
På nett finn du mellom anna Bokmålsordboka og Nynorskordboka og den omfattande Ordnett (Kunnskapsforlagets blå ordbøker på fleire språk).
Sjå elles biblioteket si fullstendige oversikt over ordbøker ved HVL.
Du finn òg trykte ordbøker på alle biblioteka.
Studentoppgåver
Tidlegare studentoppgåver finn du i fulltekst i vårt vitenarkiv HVL Open eller Oria. Du vil ikkje nødvendigvis finne alle oppgåver, då studentar kan velje å ikkje publisere dei.
Les meir på sida Publisering av oppgåver.
Frå 2018 finn du dette i HVL Open
- Bacheloroppgåver med karakter A og B.
- Masteroppgåver som er bestått.
Frå 2008 til 2017 finn du dette i HVL Open
- Bergen: Masteroppgåver. Bacheloroppgåver finst i trykt form på biblioteket. Tilgang varierer mellom institutta.
- Haugesund og Stord: Masteroppgåver med karakteren A, B eller C. Bacheloroppgåver med karakteren A eller B. (Lærarutdanninga frå 2011).
- Sogndal og Førde: Bachelor- og masteroppgåver.
Standardar
For studentar:
Treng du ein standard frå Standard Norge kan du søke i Oria for å sjå om HVL har standarden som trykt publikasjon. Om HVL ikkje har standarden, kan du teikne eige studentabonnement, som gir deg digital lesetilgang til alle NS-, IEC-, ISO- og NEK-standardar.
For tilsette:
Biblioteket har eit utval standardar frå Standard Norge i trykt format, desse finn du i Oria. Eit utval mykje brukte standardar finn du òg i elektronisk format via HVL sitt tilsett-abonnement. Vel "Microsoft Office 365" under Single Sign-On på Standard.no si innloggingsside, så blir du automatisk oppretta som brukar med tilgang. Du kan ta utskrift at standardar HVL har i sitt abonnement.
Kontakt biblioteket for bestilling av standardar vi ikkje har.
Sjå også bibliotekets ressursoversikt for andre standardar og regelverk.
Bilde til bruk i oppgåva mi
Skal du bruke andre sine bilde i oppgåva di, må du anten sjølv må skaffe løyve til å bruke bildet, eller vere sikker på at opphavspersonen allereie har klarert bildet for fri bruk.
Som student ved HVL kan du fritt bruke bilde frå bildedatabasen Britannica ImageQuest. Kvart bilde har informasjon om kjelde/opphavsperson og har ferdig utforma referanse i APA og andre siteringsstilar. Opprett eigen konto om du vil merke bilde utan å laste dei ned. Quick tour gir deg ein kort gjennomgang av databasen.
Du kan òg finne bilde til fri bruk via Creative Commons Search, eller søke i Google på "Bilder uten copyright".
Nye bøker på biblioteket
Læremiddel
Alle campus som tilbyr lærarutdanning, har eigne samlingar med læremiddel. Infomasjon om læremiddelsamlingane og lenker til digitale læringsressursar finn du på sida Læremiddel for grunnskulen.
Digitale læringsressursar (DLR)
DLR (Digitale læringsressursar) er ein nettstad for open lagring og deling av læringsressursar (filmar, presentasjonar, m.m.). Her kan du finne og bruke læringsressursar andre har laga og publisert, og du kan dele dine eigne filer.
Finn program og verktøy
Lurer du på korleis du finn fram i biblioteket?
Sjå denne filmen, som viser korleis du enkelt kan søke, finne og låne bøker: