Høgskulen på Vestlandet sender universitetssøknaden
Styret gav i dag rektor Gunnar Yttri fullmakt til å sende HVL sin universitetssøknad.
– Vi er framme ved ein viktig milepåle for vår institusjon når styret ved HVL i dag kan gi tilslutning til søknaden, seier styreleiar Arvid Hallén.
Høgskulen på Vestlandet er i norsk samanheng ein stor forskings- og utdanningsinstitusjon, med om lag 16 500 studentar, 2000 tilsetteårsverk og 3000 kandidatar uteksaminert kvart år.
Eit profesjonsretta universitet med høg samfunnsrelevans
I den nesten 300 sider lange søknaden er det gjort greie for alt frå organisering og kvalitetsarbeid, til forsking, utdanning og samspel med samfunnet rundt.
I framlegget av søknaden uttrykte styremedlemmene at dei var særs nøgde med det omfattande utviklings- og kvalitetsarbeidet som ligg bak at HVL no kan sende søknaden inn til akkrediteringsorganet NOKUT.
Fleire la vekt på at søknaden viser eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet med høg samfunnsrelevans, og at dette er eit stort arbeid som har involvert både studentar og tilsette.
Styremedlemmene var også opptatt av korleis institusjonen no skal utviklast for å sikre høg kvalitet i det vidare arbeidet.
Rektor Gunnar Yttri og prosjektleiar for universitetssøknaden, Pål Adrian Clausen Ryen, presentere universitetssøknaden for styret.
Ferdigstilling og innsending av søknaden vil skje i neste veke. Når NOKUT får søknaden på bordet gjenstår arbeidet med søknadsgjennomgang, institusjonsbesøk, rapportskriving, styrebehandling i NOKUT, før kongen i statsråd til slutt fattar vedtak. Det er førebels ikkje klart når ein kan forvente svar.
Styremedlemmene fekk også oppleve ingeniør- og teknologifagstudentane ved HVL, campus Førde, presentere bacheloroppgåvene sine. Her er Frida Lunde Høisæther og Tom Are Trippestad i samtale med studentar og tilsette.
Arbeidet med studieporteføljen 2025/2026
I dagens styremøte stod også arbeidet med studieporteføljen for 2025/2026 på agendaen.
Det kom fram at studieporteføljen for 2025/2026 oppettheld dei store profesjonsutdanningane innan helsefag, lærar- og ingeniørutdannning. Samstundes har HVL tatt eit strategisk grep for å auke studentrekrutteringa ved å gjere utdanningane meir fleksible.
I styremøtet var det også orienteringssak om behovet for særleg arbeid med utvikling av campus Stord.
Styret sette pris på at dette vart sett på agendaen og kom med innspel. Rektor vil i haust koma tilbake til styret med ei sak som legg grunnlag for eit arbeid som fokuserer på vidare utvikling av studiestaden Stord.
Bjørn Håvard Bjørklund hadde sitt første møte som styremedlem. Han er i dag kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune.
Krevjande økonomisk situasjon
Som avtalt fekk styret også lagt fram ein verksemdsrapport for 1. tertial, inkludert rekneskap.
– Framdrifta i arbeidet er i hovudsak i tråd med vedtekne planar, men den økonomiske situasjonen er særs krevjande og vil måtte påverke mykje av høgskulen sin aktivitet. I tider med omstilling, mindre økonomisk handlingsrom og tronge offentlege budsjett, er det viktig å prioritere slik at vi kan styrke og utvikle universitetet, seier Hallén.
Styreleiaren påpeika at tiltaka som er sett inn vil vise att på litt lengre sikt, men at det er behov for fleire tiltak utover dei planlagde endringane i studieporteføljen og tiltaka i dei økonomiske handlingsplanane.
Dette vil bli følgd opp i haustens styrearbeid og i budsjettprosessen for 2025.
Lenker til alle saker i dagens styremøte finn du i denne lenken.