Snart markering av Sirkulærdagane på alle campus
Måten vi forbrukar ressursar er viktig å sette søkelys på og blir sett under lupa i samband med Sirkulærdagane ved HVL. Få med deg det som skjer på din campus!
Sirkulærdagane er eit årleg arrangement som går av stabelen ved alle campus i mars (6.-7. mars på Stord, 12. mars i Bergen, 13. mars i Haugesund, 20. mars i Førde og 21.mars i Sogndal) og rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kvar campus ved HVL har sitt unike program som er jobba fram av eigne arbeidsgrupper.
Sjå programmet til dei ulike campusane her
Stort forbetringspotensial
Dagane er eit svar på det faktum at mesteparten av den moderne forbruksøkonomien er «lineær»; den er basert på at naturressursar utvinnast, produserast og brukast, og forbrennast eller deponerast.
- Her i Norge merkar vi ikkje så mye til klimaendringane som andre stader i verda. Men vi har eit stort forbruk som gjer at vi er nøydde til å tenkje nytt og berekraftig. Så lite som 2-3 prosent av den norske økonomien er såkalla «sirkulær», altså at ressursar som vi forbrukar blir brukte på nytt og på nytt. Sirkulærøkonomi inneber at ressursar blir verande i økonomien lengst mogleg gjennom å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk til eit minimum. Det som er avfall for deg, kan være eller bli nyttige ressursar for andre, seier Siri Smith, som er prosjektleiar for Sirkulærdagane ved HVL.
Siri Smith er prosjektleiar for Sirkulærdagane ved HVL.
Målet med Sirkulærdagane er difor å gjere studentar, tilsette og andre meir bevisste på forbruket sitt ved å peike på løysingar slik at endringar kan skje for eksempel ved å senke terskelen for å kjøpe eller bytte brukte klede, vise korleis vi kan redusera matsvinn, og informere det er viktig å levere inn brukte mobilar slik at dei sjeldne metalla i dei kan brukast fleire gonger.
Slik jobbar HVL sjølv med berekraft
Høgskulen har også sin eigen handlingsplan for berekraft, som vart vedteke av styret i april 2023. Dette er ein samla plan for alt berekraftarbeidet i høgskulen dei neste fire åra både når det fagleg, administrativt og drift og vedlikehald på alle campus. Mellom anna er det fokus på at HVL skal utdanne kandidatar for kompetanse innan berekraftmåla, som er i stand til å nytte denne kompetansen til å løyse berekraftutfordringar i samfunnet. Vidare skal HVL også drive forsking som kan bidra til å løyse berekraftsutfordringar lokalt, nasjonalt og globalt.
Her kan du lese heile handlingsplanen
- Høgskulen, saman med resten av Universitets- og høgskulesekttoren, er forplikta til å jobbe meir med økonomisk, sosial og miljømessig berekraft gjennom universitets- og høgskuleloven som vart endra i 2021. HVL nyttar for eksempel møbelleverandørar som i staden for å bytte ut eksisterande møbler, trekker dei om med nytt stoff. Det er jo veldig smart, seier Smith.