Skrivefestival på biblioteket
Tekstlikskap, plagiat eller fusk? Bibliotekets skrivefestival våren 2024 går inn i vinterens store debatt. Kva er mitt og kva er ditt og korleis balanserer vi kjeldebruken utan å komme i opphavsrettsleg uføre?
Få særleg med deg debatten Ut og stjæle tekster med innleiinga Akademisk (ansvarsfra)skriving torsdag 21. mars.
I innleiinga stiller Stefan Fisher-Høyrem frå Universitet i Agder spørsmålet om kven sitt ansvar det er å lære oss akademisk skriving. Deretter blir det debatt med følgande panel:
- Christine Øye, prorektor for forsking, HVL
- Alexander Papas, fag- og forskingspolitisk ansvarleg, Studenttinget på Vestlandet
- Ingunn Rødland, fagleg leiar for utdanningsstøtte, Universitetsbiblioteket i Bergen
- Asbjørn Grønstad, professor i Visuell kultur, UiB
Debattleiar er Kristoffer Jul-Larsen, førsteamanuensis, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og Skrivesenteret HVL.