Sirkulærdagane: Bli med og bidra til eit meir klimasmart, miljøvenleg og sirkulært forbruk!

Visste du at berre 2-3 prosent av den norske økonomien er såkalla «sirkulær»? Altså at ressursar som vi forbrukar blir brukte på nytt og på nytt?

Det er ei kjent sak at naturressursane i verda er under press. Og at det er rike land, deriblant , som forbrukar og forsøplar mest. Mesteparten av forbruksøkonomien vår er «lineær»; den er basert på at naturressursar utvinnast, produserast og brukast, og forbrennast eller deponerast.

Måten vi forbrukar ressursar er viktig å sette søkelys på, meiner Siri Smith. Ho er prosjektleiar for Sirkulærdagane ved HVL, eit årleg arrangement som går av stabelen 13.-15.mars ved alle campus (med unnatak av Stord, som allereie arrangerte desse dagane i februar), og rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Målet er å gjere studentar og tilsette meir bevisste, og å peike på løysingar slik at endringar kan skje.

Forbruket vårt er ikkje berekraftig

- Sirkulærøkonomi, eller kretsløpsøkonomi, handlar om at ressursar blir verande i økonomien lengst mogleg gjennom å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk til eit minimum. Det som er avfall for deg, kan være eller bli nyttige ressursar for andre. Med Sirkulærdagane ønsker vi å skape ein møteplass for bevisstgjering og konkret handling, for eksempel ved å senke terskelen for å kjøpe eller bytte brukte klede, snakke om og vise korleis vi kan redusera matsvinn, og informere om kvifor vi må levere inn brukte mobilar for å bruka dei sjeldne metallene i dei fleire gonger. Alt dette blir pakka det inn ei fagleg kontekst som gir meining for det studentane våre studerer, seier Smith.

Bildet viser en kvinne som har krøller og blå jakke som smiler inn i kameraet. Hun er ute på en strand og rydder søppel.Bilde av prosjektleiar Siri Smith under plastrydding/ strandrydding i Nordhordland/ Stabbevika i 2021.Plastryddinga var i regi av: UiB, HVL, Bergen og Omland Friluftsråd, Miljøvernforbundet, Naturvernforbundet Hordaland, Sammen og Bærekraftspilotene ved UiB.

Ho meiner at Noregs uheldige posisjon som storforbrukar av naturressursar understrek kvifor desse dagane er viktige. Faktisk har Earth Overshoot Day rekna ut at om alle land hadde eit økologisk fotavtrykk/ forbruk som Noreg, ville vi bruke opp det jordkloden kan generere, altså biokapasiteten som jorda kan gi oss innan eit år, den 12. april for 2023. Frå 13. april «låner» vi ressursane frå framtida.

- Når så mykje som 97 prosent av vår nasjonale økonomi er lineær, seier det seg sjølv at det ikkje er berekraftig. Vi må forvalte ressursane betre for dei generasjonane som kjem etter oss. Det er veldig viktig at ressursane i staden kjem inn eit sirkulært forbruk, seier prosjektleiaren.

Mykje engasjement

Det er tredje året på rad at Sirkulærdagane blir halde, og det har vakse seg større for kvart år. Kvar campus ved HVL har kvart sitt unike program. Ein viktig del av sirkulærdagane er å visa kva sirkulære forretningsmodellar som finst i næringslivet og organisasjonar rundt oss med å invitera dei inn på campus og presentera dette for oss med stands, aktivitetar og/ eller føredrag.

- Vi er og bevisste på at i handlingsplan for berekraft som er under utarbeiding for HVL, er eitt av måla at høgskulen skal bli meir sirkulær. Så her vil det skje endringar både i kjerneverksemda og for drift og administrasjon dei neste åra. Gode innspel og inspirasjon blir viktige når vi skal til med dette arbeidet internt og det vil Sirkulærdagane bidra til, seier Smith.

Ho fortel vidare at det er mykje engasjement rundt Sirkulærdagane.

- Det er mange studentar og tilsette som tek kontakt tidleg fordi dei ønsker å være med og bidra. Det er veldig gøy at så mange engasjerer seg! Kvar campus har si eiga arbeidsgruppe og dermed sitt unike program. Campus Bergen har for eksempel fleire føredrag som skal strøymast, fordi det inngår som ein del av HVL Skape og INTREPID-HEI-prosjektet. Det vil seie at det er studentar frå heile konsortiet som fygjer med på strøymen frå HVL og det vile seie i Frankrike, Belgia, Ukraina, Tyskland, Romania, Estland, og Tsjekkia. Fleire stader er det også bruktmarknad/klesbyttemarknad, servering av pizza og vising av BIFF- filmen «Going Circular». Vi håper at dagane bidreg til å gjere tilsette og studentar meir bevisste på eige forbruk og inspirerer til endring, seier prosjektleiaren.


Nokre tips til ein meir berekraftig kvardag

(Tipsa er utarbeidd av student Ruth-Emilie Skjærvik Nygård i Studenttinget)

Plakat sirkulærdagane (3).png

Her kan du sjekke programmet ved din campus!

Programmet for Sogndal

Programmet for Bergen

Programmet for Førde

Programmet for Haugesund