Søk såkornsmidlar frå BARNkunne sitt fond

I 2023 etablerte BARNkunne såkorns- og forsterkninsmidlar som tilsette og masterstudentar kan søke på. Midlane skal stimulere til lagmentalitet, engasjement, aktiv forsking og til vidare styrking av kvalitet i barnehageforskinga. No er det opent for å søke såkornsmidlar for 2024.

Fondsmidlane skal bidra til å vidareutvikle eksisterande eksternt finansierte prosjekt i BARNkunne og stimulere til nye forskings- og nettverksinitiativ. Midlane skal også bidra til aktivitetar som gjer forskinga tilgjengeleg.Søknads- og behandlingsprosessen er enkel.

Send søknad om såkornsmidlar til forskingsrådgivar Olga Shangina i BARNkunne. Søknadsfrist er 1. mai 2024. 

Kriterium for tildeling

Prosjektsøknader skal tydeleg vise vidare utvikling og bidra til ein eller fleire av BARNkunne sine verdiar: Excellence, Bærekraft, Globalitet, Samskaping og Deling.

Søknader om FoU-tid må grunngjevast med eit behov, anten for å fylle eit kunnskapshol eller for å bidra til BARNkunne sine mål. Søknaden må innehalde vedlegg med publiseringslister for dei siste fire åra, og alle søknader må beskrive venta resultat. Søknader om FoU-tid må også inkludere ein plan for publisering med tidfesta mål og milepelar. Bruk av digitalisering er hovudregelen ved søknader om nettverksstøtte og reiser. Nødvendige reiser må finansierast av eigne midlar eller prosjektmidlar. Det kan søkast om reisestøtte for ekstraordinære reiser.

For å bli prioritert, må det leggjast til FOU-tid frå ordinært arbeid. Alle som mottar midlar må oppgi tilhøyrsle til BARNkunne ved presentasjonar og publikasjonar. Vi oppmodar også til bruk av HVL-logo og BARNkunnes visuelle profil som er tilgjengeleg her

Søknader som oppfyller desse kriteria vil bli nøye vurdert med moglegheit for å motta midlar. 

Kven kan søke?

BARNkunne forskarar, Ph.d.- og postdoktorstipendiatar, og ved nokre unntak også forskarar ved partnarinstitusjonane (UiT og Bergen kommune). Masterstudentar kan søke på Mål om rekruttering av forskingstalent.  

Mål om nye forskingsinitiativ

I 2024 skal midlane som blir tildelt ulike initiativ gjennom denne ordninga tilfredsstille ei rekkje krav i høve til forskingsretningane som BARNkunne vil stimulere. Du kan søke på grunnlag av ulike formål med midlane:

Pilot- og moglegheitsstudiar

  • Grupper kan søkje om såkornsmidlar (FoU-tid, m.m.) for pilotstudiar, for å sjekke ut hypotesar, utforske og teste nye prosjektidear. Dette skal inngå i ei langsiktig planlegging av større eksternfinansierte prosjekt. Fokus av slike pilot- og moglegheitsstudiar skal være på framtidige utfordringar, t.d. KI, berekraft, innovasjon, «play for learning»-konseptet, eldrebølga og generasjonsutfordringar, EU og nordisk samarbeid. BARNkunne vil spesielt støtte følgjande initiativ: (a) initiativ som vil styrkje senteret sin søknad om SFF-støtte frå NFR i framtida; (b) initiativ med radikal tverrfaglegheit. Studiar må ha ei tydeleg forankring i BARNkunne. Studieprosessen må ha eit definert leiarskap. Forskarar i partnarinstitusjonar kan også søkje, dersom studien involverer forskarar frå HVL. Piloten må dokumenterast gjennom vitskapleg publisering og/eller rapport. Det må gå fram av søknaden namn på person ein søkjer om frigjering for. Frist: 1. mai og 1. november. Budsjett: inntil 300 000 for 1-3 prosjekt per år.

Mål om å forsterke allereie finansierte prosjekt

  • Forskingsassistanse, til dømes ein vitskapleg assistent. Det kan også være pliktarbeid (tid) for ein ph.d.-stipendiat eller annan studentassistent/pensjonist. Løpande frist for alle forskarar i BARNkunne.

Mål om profilering av BARNkunne

  • Formidling til ulike brukargrupper. Forskarar som ønskjer å utvikle eller vedlikehalde formidling til brukargrupper som barn, familiar, studentar i BLU, etter- og vidareutdanning, samt samfunnet og allmennheita, kan søkje om midlar til eksterne med multimediell/visuell kompetanse eller anna som tiltaket treng. Løpande frist.

Arrangement

  • Støtte for å auke kvaliteten på eit arrangement og tiltak (t.d. til kunstnariske bidrag eller gjesteforelesar). Den nasjonale barnehageforskningskonferansen er prioritert. Løpande frist.

Internasjonalisering

  • Internasjonalisering av strategisk betydning for senteret. Løpande frist.

Samfunnsnytte

  • Forskarar som ønskjer å bidra med å skape aktivitet til allmenn samfunnsnytte, i tråd med BARNkunnes verdiar, kan søkje om tilskot. Løpande frist. Budsjett: 100 000.

Mål om rekruttering av forskingstalent

  • Publiseringsstøtte blir gitt til masterstudentar som saman med si rettleiing i BARNkunne får publisert ein artikkel i vitskapleg publiseringskanal på nivå 1 eller 2 (open access). Det blir gitt støtte til utgifter knytte til publisering (arbeidstid for masterstudent, språkvask og publiseringsavgift). Søknadsfrist: 1 månad etter godkjent mastereksamen, innlevering av artikkel til publikasjonskanal må skje innan 6 månader. Utbetaling skjer etter publisering. Budsjett: inntil 50 000.

Relevante lenker