Nytt forskingssamarbeid for grøn omstilling av skipsfarten
Med Arendalsuka som ramme blei ein ny avtale mellom Bergens Rederiforening og Høgskulen på Vestlandet signert onsdag. Med avtalen får ingeniørmiljøet ved HVL finansiert ei ny stipendiatstilling, innretta mot teknisk forsking for grøn omstilling av skipsfarten.
– Det er ei stor glede å opprette dette doktorgradsstipendet ved Høgskulen på Vestlandet saman med Stiftelsen Neptun. Forsking, ny kunnskap og eit sterkt fagleg maritimt miljø er avgjerande for å finne gode løysingar på våre felles utfordringar; klimaendringar og forsyning av energi, sier styreleiar i Bergens Rederiforening, Marianne Møgster.
HVL går i tillegg inn med ei eigenfinansiert stipendiatstilling som skal jobbe med same tematikk. Såleis omfattar avtalen, som blei signert som ein del av debatten om teknologiutdanninga si rolle i grøn omstilling, to nye stipendiatstillingar.
Skal redusere klimaavtrykket
Skipsfarten har fleire typar utslepp til luft og sjø, og næringa står ovanfor ei stor omstilling for å nå nasjonale og globale utsleppsmål. For å redusere klimaavtrykket treng skipsfarten både ny teknologi og kompetanse, og det er behov for auka innovasjon og investeringar.
Bergens Rederiforening har over fleire år bidrege til kunnskapsutvikling gjennom å støtte stillingar til forsking. Etter ei runde med fleire utdanningsinstitusjonar i Bergensregionen i vår, fall valet på HVL, då ein ønskte å bidra til ei forskarstilling i teknisk retning.
HVL leverer viktig kompetanse
På Arendalsuka sette HVL teknologiutdanninga si rolle i grøn omstilling på dagsorden. Bakgrunnen er det store behovet for kompetent arbeidskraft som kan leie an i det grøne skiftet. Omstillingane ein står ovanfor er kunnskapsintensiv, og krev at fleire unge vel ingeniør- og teknologifag når dei skal studere.
Øyvind Midtbø Berge, prodekan for innovasjon og regional utvikling ved Fakultet for ingeniør- naturvitskap ved HVL, meiner høgare utdanning aldri har vore eit viktigare næringspolitisk verkemiddel enn akkurat no:
– Ingeniørutdanningane ved HVL spelar ei viktig rolle i å levere kompetanse inn mot det grøne skiftet. Samtidig må vi styrke forskinga. Dersom vi skal utvikle utdanningsporteføljen på høgare nivå, må vi parallelt styrke forskinga på dei same områda. Difor er vi svært glade for at Bergens Rederiforening vel å investere i forsking og ny kunnskap hos oss, sa Berge i samband med avtaleinngåinga i Arendal.
Vil styrke arbeidet med grøn omstilling
Frå HVL var det prorektor for forsking, Gro-Anita Fonnes Flaten som signerte avtalen med Bergen Rederiforening. Ho understreka kor sentralt det er å utvikle ny kunnskap på område som er viktige for regionalt nærings- og samfunnsliv og det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet på Vestlandet som høgskulen tek sikte på å bli.
– HVL ønskjer å drive forsking som styrkar arbeidet med grøn omstilling. Det er noko av bakgrunnen for at vi supplerer avtalen med ei ekstra eigenfinansiert stipendiatstilling som også skal vere innretta mot teknisk forsking og grøn omstilling av skipsfart, avslutta Fonnes Flaten frå scena på Arendalsuka.