Nye funn om sjukdom hos oppdrettsfisk
Nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom er vanlege sjukdommar i norske settefiskanlegg for laks og ørret. Ny forsking viser kva næringa kan gjere for å førebygge sjukdom.
Veterinærinstituttet sin fiskehelserapport for 2023 viste at dårleg vannkvalitet, nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom er dei tre mest utbreidde problema hos settefisk. Talet på døde settefisk over 3 gram blei i 2023 rapportert å vere 37,7 millionar laks og 2,4 millionar regnbueørret. Dette er ei auke på ca 2 millionar laks samanlikna med 2022, ifølgje Veterinærinstituttet.
I samarbeid med Veterinærinstituttet, Havforskningsinstituttet og NMBU, leverte Høgskulen på Vestlandet nyleg er ein ny forskingsrapport kor dei har kartlagt dei to sjukdommane og undersøkt samanhengen mellom vannkvalitet og sjukdomsutvikling.
Høgt CO2-nivå i vatnet kan framkalle sjukdom
Kartlegginga viste at nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom også var vanlege funn i prøvane som blei samla inn frå seks kommersielle settefiskanlegg frå heile landet. Professor Sveinung Fivelstad leia HVL sin del av prosjektet. Han fortel at dei gjorde to kontrollerte forsøk med heva CO2-nivå i vatnet for å teste korleis det slo ut på sjukdomsutviklinga.
–Ved moderat CO2-belastning påviste vi endra pH og ionesamansetnad i blodet, men ingen skadar i nyrevevet. Høg CO2-belastning førte derimot til rask utvikling av nefrokalsinose, seier Fivelstad.
Men forsøka viste også kva som kunne hjelpe.
– Det forsøka interessant nok også viste, var at fisk som hadde utvikla nefrokalsinose raskt blei restituert etter overføring til ferskvatn eller sjøvatn med låge CO2-verdiar.
Han legg til at denne metoden dessverre ikkje fungerer i alle tilfelle:
– Dersom sjukdommen er kommen for langt, verkar det ikkje nødvendigvis å overføre fisken til vatn med låge CO2-verdiar.
Bør finne det riktige CO2-nivået
Å få ned CO2-konsentrasjonen i vatnet kan såleis vere eit viktig tiltak for å førebyggje sjukdom.
– For høgt CO2-nivå i settefisk-kara er eit kjent problem. Vi bør finne ut kva CO2-nivået i settefiskanlegga ideelt sett bør ligge på for at sjukdommane skal forsvinne, men då trengst det meir forsking, seier Fivelstad.
Både i forsøk og ute i settefiskanlegga førekom dei to sjukdommane delvis parallelt, noko som tyder på at dei til ei viss grad kan utløysast av dei same miljøbelastningane.
Prosjektet har spesielt sett på samanhengen mellom vannkvalitet og sjukdom. Sveinung Fivelstad understrekar at også andre forhold kan spele inn på sjukdomsutvikling.
– Måten ein produserer fisken på kan også ha noko å seie, til dømes gjennom at den blir produsert raskare enn det den er laga for. Her kan det vere fleire forhold som spelar inn, legg han til.
I rapporten blir alle funna skildra i detalj, og det blir gitt anbefalingar for diagnostikk og førebygging.
Les heile rapporten "Nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom:
Årsakssammenhenger og muligheter for forebygging" (pdf).
Professor Sveinung Fivelstad og førsteamanuensis Camilla Diesen Hosfeld har stått for Høgskulen på Vestlandet sin del av prosjektet. Assisterande instituttleiar Kristin Kvamme (til venstre) rettleia kjemiingeniørstudentane som bidrog med kjemiske analysar undervegs i prosjektet.
Fakta om nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom
- Sjukdommane nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom er vurdert som to av dei viktigaste helseutfordringane ved produksjon av settefisk.
-
Nefrokalsinose artar seg i tidleg fase som mineralhaldige utfellingar i nyrets utførselsgangar. Etter kvart kan det bli større skadar på nyrevevet, stress og redusert tilvekst. I alvorlige tilfelle kan fisken også dø av denne sjukdommen.
-
Hemorragisk smoltsyndrom rammar laks før og under smoltifisering og blir påvist i tidleg fase som blødningar til nyrets utførselsgangar. Etter kvart oppstår omfattande blødningar i muskulatur og indre organ. Sjukdommen kan føre til død i tida fram til, og rett etter, utsetting i sjø.
Referanse: Nilsen, A., Fivelstad, S., Hosfeld, C.D., Olsen, A.B., Lie, K.I., Kraugerud, M., Fjelldal, P.G., Sommerset, I., Mayer, I.,
Remø, S.C. (2024). Nefrokalsinose og hemorragisk smoltsyndrom: Årsakssammenhenger og muligheter for forebygging. Sluttrapport FHF prosjekt 901588, Veterinærinstituttets rapportserie 6/2024.