Opna Noreg sin første forskarskule for barnehageforsking
– Forskarskulen skal bidra til ein meir kunnskapsbasert barnehagesektor, som skal kome barna til gode, seier leiar Elin Eriksen Ødegaard.
Denne veka opna Høgskulen på Vestlandet og dei tilhøyrande partnarane, Noregs første forskarskule for barnehageforsking. Forskarskulen har fått namnet NORBARN og er ein av 12 nasjonale forskarskular som skal gjere doktorgradsutdanningane meir synlege og relevante for arbeidslivet.
— Ein forskarskule som skal vere eit nav for talentutviklingav lovande forskarar – for å styrke barnehageforskinga og bruken av forskinga i barnehagesektoren. På denne måten vil forskarskulen bidra til ein meir kunnskapsbasert barnehagesektor, som vil kome barna til gode, seier leiar Elin Eriksen Ødegaard.
Blir utfordra av kvarandre
Oppstarten av forskarskulen NORBARN skjer i eit jubileumsår for barnehagelærarutdanninga i Bergen og for BARNkunne – Senter for barnehageforsking. I år er det 75 år sidan Bergen starta å bygge kunnskap for barnehagesektoren,og det er fem år sidan Høgskulen på Vestlandet fekk eitt av de to forskingssenter i Noreg.
— Saman med og ved sidan av Filiorum, ved Universitetet i Stavanger, har BARNkunne arbeida på mange frontar, både nasjonalt og internasjonalt, både i samarbeid med barnehagesektoren og i samarbeid med akademiske miljø der vi kan bli utfordra, og lære meir, seier ho.
Under opninga av NORBARN møttes dei ulike partnarar til panlesamtale om moglegheiter og utfordringar for forskarskulen.
Stort behov for kompetanse i djupna
Forskarskuleleiaren påpeikar at vi i lang tid har rekruttert til ph.d.-kandidatar i barnehagesektoren langt utover dei med bakgrunn frå barnehagelærarutdanning.
— Dette kan vere ein styrke ved at barnehageforskinga får næring frå ulike typar av fag og metodekompetansar, men like viktig er det å løfte fram at vi treng fleire med rik kunnskap frå barnehagelærarutdanning og barnehagefeltet til å gå vidare på ei forskarutdanning. Barnehageforskinga treng djupnekompetanse og det er mykje vi ikkje veit, seier ho.
Stipendiatane kan ta initiativ til nye kurs
NORBARN er eit supplement til utdanningsinstitusjonane sine egne doktorgradsprogram, og kandidatar som er knytt tilforskarskulen fullfører doktorgraden ved eigne utdanningsinstitusjonar. NORBARN vil derfor bidra både til å styrke doktorgradsprogramma som ligg i lærarutdanningsfakulteta rundt om i landet og til å styrke kandidatane sine ph.d.-prosjekt.
Ph.d.-kandidatane som blir ein del av forskarskule kan velje mellom ulike typar kurs i ulike omfang.
— Vi lever i ei usikker og omskifteleg tid, og opnar difor opp for moglegheita for at stipendiatane sjølv kan ta initiativ og be om støtte til å opprette kurs som dei meiner er relevante. Uansett kurstype må minst to institusjonar samarbeide, og på dette måten vil vi styrke samarbeidet mellom institusjonane i Norge, seier ho.
Prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Vegard Fusche Moe skildrar startskotet for den nye forskarskulen som vellukka.
— Det var ei svært givande oppstartsamling for forskarskulen NORBARN denne veka. Via dei mange bidraga frå BARNkunne-miljøet og partnarane som står bak forskarskulen, har vi fått eit godt innsyn i dei mange moglegheitene stipendiatar no får til å utvikle seg som forskarar i kursporteføljen og det sterke nettverket til NORBARN, seier han.
Om NORBARN
- Høgskulen på Vestlandet er vertskap for forskarskulen NORBARN.
- Kommunenes organisasjon (KS), Kanvas-stiftelsen, Universitet i Sør-Øst Norge, Dronning Mauds Minne, OsloMet, Universitetet i Agder, Høgskolen Innlandet og UiS er partnarar i NORBARN.
- NORBARN startar i 2023 og har finansiering i åtte år.
- Les meir: Forskerskolen NORBARN - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)