Levande sentrum skapar bumiljø og bulyst
Korleis skal akademia bidra til auka busetting og bulyst i regionane? Bruk studentane som påskot til å gjere plassen attraktiv som bustad og få til byutvikling samtidig, foreslår Kristin Krohn Devold.
16.august var Krohn Devold, som er direktør ved NHO Reiseliv, ein av deltakarane i panelsamtalen til HVL under Arendalsuka om korleis akademia skal bidra til auka busetting og bulyst i regionane.
Sjølv om hovudoppgåvene til universitet og høgskular er utdanning og forsking, har regional utvikling kome inn som eit tredje ansvarsområde. Dei andre deltakarane i debatten var påtroppande statsforvaltar i Vestland fylke Liv Signe Navarsete, prorektor Geir Kåre Resaland ved Høgskulen på Vestlandet, leder Liv Reidun Grimstvedt ved Senter for sjøsikkerhet, direktør i Virke Audun Pettersen og ordførar i Alver kommune Sara Sekkingstad (moderator).
Reiseliv og attraktivt arbeidsliv
Krohn Devold understrekar at det er samanheng mellom høge tal på utflyttingar og låg grad av reiseliv.
- Reiseliv skapar mest bulyst. Det må skje noko etter klokka 16 for at folk skal ønskje å bu ein stad. Kafé, hotell, konserter, alt som er moro på opplevingssida og alt det du gjer når du ikkje er på jobb. Det er studentane som ofte reddar bymiljøet i byer som for eksempel Ålesund. De har eit fortrinn foran større byar. Den ballen kan de ta tydeligere. Bruk studentane og få til positiv byutvikling samtidig, seier Devold.
Eit attraktiv arbeidsliv er også viktig for bulysten, meiner Liv Reidun Grimstvedt.
- Viss alle kan ta utdanninga si digitalt, til og med ved Harvard, kva er det då som er spesielt med utdanninga vår i Haugesund og på HVL? Jo, det er vårt tette samarbeid med eit attraktivt arbeidsliv. Difor er samarbeidet og moglegheita for ein spennande jobb i nærområdet er ein del av bulysten, seier ho.
Sogndal som inspirasjon
Sogndal blir ofte framheva som eit særleg attraktivt campus blant studentane. Direktør i Virke, Audun Pettersen, legg til at han meiner HVL har den beste reiselivsutdanninga i landet.
- Attraktive lokalsamfunn har nøgde innbyggarar. Dei mest spennande gründerane kjem frå Sogndalsmiljølet. De har gjort noko rett der. HVL jobbar tett med næringslivet og samfunnslivet. Det må de berre halde fram med, seier han.
Krohn Devold peikar på at uformell undersøkingar gjort av NHO reiseliv viser deira medlemsbedrifter er strålande nøgde med HVL.
Påtroppande statsforvaltar Liv Signe Navarsete har vore student i Sogndal sjølv. Ho meiner høgskulen har vore ufatteleg viktig for heile samfunnet.
- Eg tørr ikkje tenke på kva Sogndal ville vore utan høgskulen. Eit slik regionalt utdanningstilbod har vore heilt uvurderleg. I Sogndal har ein også lukkast å samarbeide og ha dialog på tvers. Det hadde ikkje vore mogleg å få til slik utvikling åleine. Akademia må være med i den løpande samfunnsutviklinga, vi må løfte saman i flokk, seier ho.
- Ha god dialog med næringsaktørar og andre og vær lydhøyre. Kva kompetanse er viktigast? Få fram nye utdanningar som dekker samfunnets behov. Kva trengs framover? Vi er inne i ei tid i enorm endring. Arbeidslivet har endra seg kolossalt, legg Navarsete til.
God samarbeidsånd
- Vi må bli betre saman. Vi i Haugesund ønskjer å få det slik som i Sogndal. Dei er ein stor inspirasjon for oss, seier Grimstvedt.
Det er nyttig og lærerikt for HVL å ha løpande dialog med andre aktørar.
- Vi skal bli verdsmeister i samarbeid. Vi har kome langt på Vestlandet. Samarbeidsånda er bra, men vi famlar jo litt og er desentraliserte i vår form. Skal vi kome lenger, må vi gjere det i lag, seier prorektor Geir Kåre Resaland.