Kunstig intelligens - lovande teknologi eller trugsmål mot integriteten vår?
Det er spørsmålet som Høgskulen på Vestlandet reiser under årets EUA-konferanse i Swansea.
Denne veka arrangerer The European University Association (EUA) sin årlege konferanse.
Årets konferansestad er universitetet i Swansea. Tema er: Universities in Europe: integrity in a time of change.
– Det er viktig å ta del. Det handlar om å vera med i internasjonale faglege nettverk og å bidra aktivt inn i diskusjonar med andre leiarar. Våre problemstillingar er regionale og internasjonale, fortel rektor Gunnar Yttri.
Saman med prorektor for forsking, Christine Øye, og prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, deltek han på årets konferanse.
Når teknologien utfordrar akademiske normer
Hovudtema for konferansen i Swansea er integritet i tider med djuptgripande samfunnsendringar.
– Det er mange ulike innfallsvinklar til eit slikt tema. Vårt innlegg tar opp teknologi og kunstig intelligens som utfordrar akademiske normer, men som òg kan gi grunnlag for å revitalisere og styrke feltet, seier han
Det er ikkje tvil om at KI og chatbots susar inn som eit verktøy i samfunn og utdanning. Nye program, digitale løysingar og robotiserte prosessar vinn fram. Utdanningane merkar trykket. Forskingsprosjekt er under oppsegling og KI-milliarden freistar mange til djerve satsingar.
Viktig å hauste erfaringar internasjonalt
Prorektor for forsking Christine Øye meiner det er naudsynt at HVL tek aktivt del i ordskiftet.
– Me treng perspektiv på vårt eige arbeid og førstehandsinnsikt i kva som rører seg internasjonalt. Det å dela og hausta erfaringar frå andre gir meining og inspirasjon, seier ho.
Under fredagens sesjon: "The virtual elephant in the room: what does AI mean for higher education?" delte ho og rektor Gunnar Yttri nyvunne erfaringar frå HVL.
Utgangspunktet er ei undersøking frå HVL som viser at studentar i aukande grad bruker ChatGPT og tilsvarande verktøy for læringsformål. Undersøkinga viser døme på at chatbots kan brukast til å skapa akademisk innhald og tekstar.
Kritisk tankegang er avgjerande
– Potensialet chatrobotane har som informasjonssystem er det lite tvil om. Dei blir betre og betre. Prosesseringnivået er ganske forbløffande. Me ser at chatbots svarar ut spørsmål, gir grunnlag for disposisjonar av tekst som gir relativt god flyt og samanheng.
Men det å skilja mellom originalt arbeid og innhald produsert at KI kan lett bli krevjande.
– Det er her me reiser debatten om korleis me kan hegna om grunnleggjande akademiske normer i møte med ny teknologi. Dette er brennaktuelle spørsmål nasjonalt og internasjonalt, seier dei.
Det handlar om å trø klokt.
– Klok bruk av ny teknologi i utdanning og forsking må vera ramma inn av grunnleggjande akademiske verdiar og normer. Det å balansera KI-assistanse med uavhengig, kritisk tankegang er avgjerande. Slik kan det akademiske handverket styrkast i møte med ny teknologi.
Må samarbeide om retningslinjer i utdanningssektoren
Den nemnde undersøkinga viser at studentar er usikre på presisjonsnivået og pålitelegheita til det chatroboter serverer. Studentar ber om tydelege institusjonelle retningsliner for kva som er «lovleg» bruk av chatbots. Mange av dei same trekka som studentane løftar fram finn ein og i samtalar med tilsette.
– Dette må me gripa fatt i og me må samarbeida om dette i sektoren.
Sjølv løfter HVL tematikken under HVL-konferansen 24. april: Utdanning i framtida – kunstig intelligens
Dette er tredje året på rad er HVL på plass med eige innlegg på den årlege EUA-konferansen. Under ser du tidlegare innlegg:
2023: Innleiing i Gdansk om Scholars at Risk - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
2022: Presenterte utviklinga av det nye engasjerte universitetet - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om HVL si KI-satsing
Meir om HVL-konferansen