10 millionar til internasjonalt partnarskap for framragande utdanning, forsking og innovasjon

Høgskulen på Vestlandet fekk ei av dei sju INPART-tildelingane frå Noregs forskingsråd og HK-dir. Prosjektet er leia av professor Maneesh Singh ved Institutt for maskin- og marinfag.

Gjennom utlysinga "Internasjonale partnerskap for fremragande utdanning, forsking og innovasjon" - INPART, får professor Maneesh Singh og kollegaene 10 millionar kroner frå Noregs forskingsråd og HK-dir. 

Vind og VR

Prosjektet har tittelen Collaborative Research Based Education for Optimized Performance of Wind Farms og involverer samarbeid med partnarar både i Noreg, USA og India. 

Eit av måla med prosjektet er å bruke ny teknologi innan VR, AR (augmented reality/utvida virkeligheit) og XR (kombinasjon av den fysiske og den virtuelle verda) til å skape engasjerande utdanningsprogram for studentar på både bachelor-, master- og ph.d-nivå. Eit anna mål er å lage spesialiserte kurs og workshopar relatert til vindparkar og cyberfysiske system. 

bilde av Maneesh Singh

Maneesh Singh

Professor

Ei satsing for å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø i Noreg

INPART er ei utlysing der norske forskingsorganisasjonar kan søke om midlar til partnarskap med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA. For denne utlysninga var det også mogleg å søke om midlar til partnarskap med Tyskland og Frankrike. 

INTPART-ordninga blei etablert som ei oppfølging av Langtidsplan for forsking og høgare utdanning og satsing for å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø i Noreg. Ordninga skal også følgje opp Panoramastrategien - Strategi for forskings- og høgere utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027).

HVL også partnar i NORCE-prosjekt om klima

I tillegg til prosjektet som Singh leier, er HVL også partnar i NORCE-prosjektet "Climate Action Transdisciplinarity in Education and Research."  

Dei andre som fekk INPART-tildeling er Stiftelsen Nansen senter for miljø og fjernmåling, OsloMet, NTNU, Norsk regnesentral og Norges geotekniske institutt. 

Les også:

Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning, forskning og innovasjon (forskningsradet.no)

UTFORSK-midlar til utdanningssamarbeid om entreprenørskap, fornybar energi og global kompetanse - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)