Vestlandet får nøkkelrolle i europeisk hydrogensatsing
EU sitt program for livslang læring, Erasmus+, innvilga nyleg 4 millionar euro til eit prosjekt som skal auke kompetansen på hydrogen.
I skiftet frå fossil til fornybar energi, blir hydrogen framheva som ei viktig løysing til framtidas energiproduksjon. Norge har ambisjon om å vere en stor eksportør av hydrogen til Europa, og intensjonsavtalar om å levere hydrogen til Tyskland er allereie signert av norske og tyske myndigheiter. Men skal teknologien utviklast, trengst det folk med rett kompetanse og ferdigheiter. I dag er dette mangelvare.
Fem regionar i Europa, blant dei Vestland, har no blitt plukka ut til ei storstilt satsing som skal bidra til å løfte hydrogenkompetansen og styrke internasjonalt samarbeid. Bak initiativet står Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet, Fagskulen Vestland, Saga Fjordbase og katapultsenteret Sustainable Energy.
Skal bygge yrkesfagleg kompetanse
Målet er å bygge yrkesfagleg kompetanse på fleire nivå, frå vidaregåande opplæring, fagskuleutdanning, og opp til bachelor- og masternivå. I tillegg kjem etter- og vidareutdanningar. Dette skal bidra til at arbeidstakarar får rett og naudsynt fagkompetanse.
– Samarbeid og kompetanse er nøkkelen til realisering av verdikjeda for hydrogenproduksjon. Vi må samarbeide innanfor og utanfor landegrensene for å lukkast. Nett difor er det bra at Vestlandet har fått tilslag på dette prosjektet, seier rektor ved Høgskulen på Vestlandet Gunnar Yttri.
Dei fem europiske regionane som har fått tildelt midlar, har ulik kompetanse innan hydrogen. Høgskulen på Vestlandet vil vere regional koordinator, medan Vestland fylkeskommune er prosjektleiar og koordinerer det europeiske samarbeidet.
Samla partnarskap: Tysdag var partnarane i prosjektet samla på Vestlandshuset i Bergen. Foto: Anbjørn Holme, Vestland Fylkeskommune.
Utviklar regionen til grøn omstilling
– Høgskulen på Vestlandet har gode føresetnader. Vi var tidleg ute med å etablere hydrogenteknologi som fag i høgare utdanning. Det er rift om etter- og vidareutdanningskursa våre, og vi har tett samarbeid med industrien. Mykje ligg til rette for at regionen kan bli eit kraftsenter for ny hydrogenproduksjon, seier Yttri.
Tysdag blei startskotet for prosjektet markert på Vestlandshuset med fylkesordførar Jon Askeland og samarbeidspartnarane til stades.
– Utviklinga av hydrogenverdikjedene i Europa blir anslått å skape om lag ein million arbeidsplassar innan 2030 og opptil 5 millionar innan 2050. Desse jobbane vil kreve høgt kvalifiserte arbeidarar, sa Askeland.
EU-prosjektet H2CoVE er såleis ei viktig satsing for å drive utviklinga framover.
Fylkesordførar Jon Askeland talte under opningsarrangementet av EU-prosjektet. Foto: Anbjørn Holme, Vestland fylkeskommune.
– Vi treng meir informasjon om kva for kompetanse våre arbeidarar treng. Dette prosjektet skal bidra til å bygge bru mellom behova i industrien og arbeidarane sin kompetanse, sa fylkesordføraren.
Fakta om prosjektet
- Prosjektet H2CoVE er tildelt 4 millionar euro (45 millionar kroner) frå Erasmus+, og skal gå over 4 år.
- Målet er å bygge kompetanse og sikre at kompetansemangel ikkje blir til hinder for innovasjon og utvikling på hydrogenfeltet.
- Til saman 19 partnarar frå 5 land deltar, både utdanningsaktørar og representantar frå næringslivet.
- Europeiske partnarregionar er Nord-Nederland, Tyrol i Austerrike, Estland og Precarpathian i Ukraina.
- Prosjektet H2CoVE har som mål å involvere 800 interessentar frå bedriftene i prosjektet, i tillegg til 150 lærarar på ulike yrkesnivå som skal delta i «Train-the-Trainer» program.
- Prosjektet skal gi etter- og vidareutdanningstilbod, levere konkrete problemstillingar som utgangspunkt for studentkonkurransar, og minimum 12 prosjekt-, bachelor- og/eller masteroppgåver.